Gjestebrygge

Segler du vestover ved landemerket Alden, enten gjennom leia på nordsida av Værlandet, eller gjennom naturreservatet på sørsida av Værlandet, ender du opp i Nordens Venezia, Bulandet! 

Nikøy Gjestebrygge og Havsalaten kjøkken og bar treff du rett etter innseglinga til Bulandet. Vi har liggeplass for rundt 50 båter med landstraum. Her er også servicebygg med toalett, klesvask og -tørk og myntinnkast for dusj. Kortbetjent bensin- og dieselfylling på kaia. 

Jokerbutikken ligg vegg i vegg med kafeen, og tilbyr bunkring av ymse slag, samt sykkelutleige.

Besøk gjerne facebooksida til Joker Bulandet for meir informasjon

Hamneavgift (per døgn) : 

Under 35 fot : kr 100,- 
Over 35 fot :   kr 150,-