Vi på Havsalaten jobbar tett med Seaweed from Norway, som er ein av Noregs første taredyrkarar med hovudfokus på mat. Dei dyrkar lokal tare rundt Værlandet og Bulandet. Taredyrking er ein heilt rein måte å dyrke mat på, og det påverkar det lokale økosystemet kun positivt. Taren brukar næring frå sjøen og sollys til å vekse, og omdannar dessuten co2 til o2. Ingen oppvekstområder blir fratatt anna liv i havet, og taren gir i sin tur gjøymeplassar til yngel.

Det er ei spennande utvikling og det skjer mykje nytt heile tida. Havsalaten fekk mellom anna vere med på inspirasjonskurs på Norsk Sjømatsenter i Bergen, og fekk sjå kokkar leike seg med våre lokale råvarar. Ikkje alle rettar egnar seg på ein fast meny (pga ulik råvaretilgang i ulike sesongar), men inspirasjonen har vi tatt med oss vidare i matlaginga. Matrettane på denne sida er laga av kokkar på Norsk Sjømatsenter.

Besøk gjerne heimesida til Seaweed from Norway for meir informasjon.

Dei fleste foto her er tatt av Lill-Ann Gundersen