Om oss

IMG_5028.JPG

Noregs vestlegaste heilårsdrevne kafé?

Havsalaten ligg i øygruppa Bulandet i Sunnfjord, heilt vest i Noreg. Vi held til ved kaia på Nikøy i lag med Nikøy gjestehamn og Jokerbutikken.

Her har det lenge vore butikk og møteplass for folk i bygda og tilreisande. Vi opna Havsalaten i 2015, med Daniel, Ruben og Lisbet Fedøy som eigarar, og Gunhill Sæle-Bjørkhaug som dagleg drivar. Vi ville videreføra den sosialt viktige oppgåva den lille kaffikroken alltid har hatt, og også vidareutvikla tilbodet til lokale og tilreisande. Vi er alvorleg glad i tare og ynskjer å eksperimentere mest mogeleg med våre lokale og berekraftige råvarer. Vi har utvikla nokre gode rettar som vi brukar å tilberede til dei som er interesserte i dette. Vi serverer óg tradisjonell mat til våre trufaste stamgjestar kvar tirsdag og fredag. Ta gjerne kontakt om du lurer på noke eller ynskjer å bestille middag.

Trond Kjæmpenes starta som dagleg drivar 25.september 2017. Han er utdanna kokk og har god erfaring med drift. Ta kontakt på telefon eller e-post for bestilling. Meir informasjon om endringar kjem etter kvart.

Velkommen til oss!

Kontakt oss

Havsalaten kjøkken & bar

Adresse: Nikøy, 6987 Bulandet

Telefonnummer: 468 94 222

E-postpost@havsalaten.no

 

 

 

Bestilling av middag, catering, møtemat og lag

Ynskjer de å bestille middag til lag eller anna, ta berre kontakt. Vi kan dekke til 20-24 gjestar i vårt lille lokale. Er dykk fleire enn det, anbefalar vi å kontakte Destinasjon Vest for andre løysingar.